Forside » Hva skjer » Aktivitetskalender » Den Bortkomne Faderen – Høgtlesing av Arne Garborgs roman

Den Bortkomne Faderen – Høgtlesing av Arne Garborgs roman

Når og hvor

Tid og dato:
  • fredag, 23. oktober : 19:00 - 22:00
OM ARRANGEMENTET:
Ei høgtlesing av Garborgs «Den bortkomne Faderen» blei først initiert av Nasjonalt Garborgsenter i samanheng med Garborgdagar, januar 2019. Boka blei då lest i sin heilskap.
Versjonen som publikum får høyre er noko forkorta. Lesinga blir akkompagnert og brytast opp av både live og innspelt musikk, komponert av Berglund Eriksen. Romanen er språkmodernisert av Sigbjørn Reime.
Arrangementet varer i om lag to og ein halv time, inkludert to pausar.
Send påmelding til: kake@okkaby.no innan 20. oktober
OM DEN BORTKOMNE FADEREN:
«Eg hadde levt som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var Faderen borte.»
Den aldrande Gunnar Hòve fører dagbok for å finne samanheng og meining i livet sitt. Det er vanskelegare enn han håpar på. Som ung skauv han garden frå seg og reiste til Amerika. No er han heimkomen, men heimen er seld og faren er borte.
Publikum får eit nært og gripande møte med eit menneske som prøver å finne rotfeste i ei tid der gamle sanningar er knuste av modernitetens nye tankar og vitskapar. Gunnar leitar etter Faderen, men finn heller seg sjølv i møtet med sin eigen bror.
OM TORBJØRN BERGLUND ERIKSEN:
Torbjørn Berglund Eriksen er frå Stavanger, og blei uteksaminert frå teaterhøgskulen (KHiO) i 2003. Han har blant anna spelt roller som Werther i «Unge Werthers lidingar» (Det Norske Teatret 2010, regi: Jonas Corell Petersen), Orin i «Sorga kler Elektra» (Det Norske Teatret 2012, regi: Eirik Stubø) og tittelrolla i «Hamlet» (Rogaland Teater 2014, regi: Kjersti Horn).
Dei to sistnemnde tolkingane fekk han Heddapris for. Han har sidan 2010 arbeidd som frilans-skodespelar.
«Den burtkomne Faderen er for mig som en Kvintesents av alle Biblers Bibler. Den vil komme til at staa i Eftertiden, som de hellige Bøger, der er os opbevaret gjennem snart Aartusender.»
Amalie Skram 1899
Vi har tiltak for å hindre spredning av Covid-19. Registrering ved inngang.