Forside » Hva skjer » Aktivitetskalender » Konsert med «Vaspeland 3» og «Loose Swing Group»

Konsert med «Vaspeland 3» og «Loose Swing Group»

Når og hvor

Tid og dato:
  • søndag, 05. september : 13:00
Lørdag 4. september på Egersund Fayancemuseum inviterer vi til jazzkonsert med «Vaspeland 3» og «Loose Swing Group».
Vi ønskjer å bidra med eit lite lyspunkt mellom alle restriksjonar og pandemi Vi følger alt av retningslinjer for smittevern, slik at tilstellinga er trygt for alle!
Vaspeland 3 er ein orgeltrio med hammond B3, gitar og trommer som har spesialisert seg på å bringe vidare orgeljazz-tradisjonen etter legender som Jimmi Smith, Jack McDuff og Larry Young, samtidig som dei bringar tradisjonen vidare med sin heilt eige moderne og unike sound. Bandet består av 3 spanande unge musikarar som alle er aktive utøvarar i band som «Juno, Kanaan, Klossmajor og Håvard Ersland Trio».
Håvard Ersland – Hammond B3
Petter Berg Aspen – Gitar
Ingvald André Vassbø – Trommer
Loose Group er for anleiinga ein trio med hammondorgel, saksofon og trommer som spelar musikk med inspirasjon frå den tradisjonelle jazzmusikken. Trioen ynskjar å bringe vidare det solide handtverket, spelegleden og publikumsteften som ligg i denna tradisjonrike musikken, samtidig som dei tilførar moderne tankar og idéar for å skape noko nytt og unikt. Den drivande rytmeseksjon, dei fengande melodiane og halsbrekkende soloprestasjonane, blanda saman med ein god dose humor og speleglede som smittar over på publikum gjer at kven som helst set pris på ein konsert med Loose Swing Group.🎷🎶
Turnéen er støtta av «Rogaland Fylkeskommune» og «Creo».
Arrangementet er gratis