Forside » Hva skjer » Aktivitetskalender » MungåtScenen: Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

MungåtScenen: Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

Når og hvor

Tid og dato:
  • lørdag, 29. august : 19:00 - 20:30

Der draumar sviv – Haugtussa i nye tonar

I oktober i fjor gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg. Tonsettingane befinn seg i eit akustisk viselandskap, kor gamle tradisjonsrike folketoneinstrument møter populærmusikk og improvisasjon.

Haugtussa er skriven på Jæren, heimplassen til songar Jorunn Undheim. Ho vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden kor diktarstova Knudaheio ligg, og i naturen som vert skildra av Garborg. Gjennom musikken og ikkje minst, Sigbjørn Reime sin språkmoderniserte tekst, presenterer dei ei Haugtussa for vår tid.

Begrenset antall billetter.
250,- pr billett ink. billettavgift
Dørene åpner 18.00.
Konsertstart 19.00

Billett kjøpes her: https://mungat.hoopla.no/sales/haugtussa

Vi gleder oss og ønsker velkommen til konsert.